søndag 19. april 2009

Kåseri

Dette er et kåseri jeg skrev med en venninne, litt annerledes enn  hva jeg pleier å skrive, og på nynorsk faktisk..!

Ein hyllest til mannen

 

Det er seint på kveld og alle dyra har flokka seg attmed vassholet. Sakte kjem ein luskande skapning til syne. Dyret er hårete, utan kjennskap til hygiene, er ulærd i naturen sine jaktmarker og svekka for alle kommunikative evner. Dyret har svolt i blikket og sakte, men sikkert peilar det seg inn eit mål. Dyret svelgjer sine dyriske lyster og bestemmer seg for å gå sakte og strategisk til verks. Det krummar ryggen, slikkar seg rundt munnen og bevegar seg sakte mot dei andre dyra. Omsider kjem det fram til det utvalde byttet, det stiller seg ved sidan av ho og seier med smørstemme: «Hei, vil du vere med heim til meg og leike støvsugar? Du sug, eg ular?»

 

Mannen har alltid vore ein jaktar. I det siste har eg fått oppleve ei ukjent form for jakt, ei moderne, men akk, så primitiv form for jakt. I all desperasjon om å følgje sine mannlege instinkt, har byttedyra brutalt blitt bytta ut med kvinner i alle aldersgrupper. Denne sørgjelege jakta som dei fleste kvinner har blitt utsett for seint ein laurdag kveld eller grytidleg søndag morgon, er eit skrik om hjelp frå usselege menn med påbegynnande midtlivskriser og hawaii-skjorter. Dessverre er dei fleste uinteresserte i gutar med små penisar, store planar og dårlege sjekkereplikkar. Denne uheldige tranga til å jakte, som dessverre er umuleg å kurere, kjem ofte etter nokre få øl av menn som verken har hår på eller vett i hovudet. Mennene har tråkka inn på ukjent territorium, og dei gjer det ikkje med stil.

 

Med dette fenomenet har vi fått ein ny generasjon av «fjortisar». Desse kvinnene har for lengst kome ut av puberteten og er langt forbi alderen kor g-strengene burde byttast ut med dei mindre sexy bestemorstrusene. «Fjortisane” er ofte over 50 og bytter gladeleg ut duken i den koselege seniorleiligheten med eit laken hjå ein «spenstig» mann som ikkje treng å sove med dyne då han har nok pels på ryggen til å varme alle eskimoane på Arktis. Dette lykkelege paret varer sjeldant lenger enn at mannen har ete ein passe mengde lausnegler i form av uønska «paprika» på grandiosaen, og kjærleiken sin odør dempast av kvinna sitt umettelege behov etter parfyme frå Nille.

 

 

Men det desse og eigentleg alle kvinner vil ha, er mennene av type ein eller to på mannestigen. På toppen er dei kjekke , velståande, velartikulerte mennene, som ikkje treng å bruke replikkar i si jakt, då kvinner villig let seg slakte på lakenet, gong etter gong. Som nummer to, etter dei velartikulerte mennene, kjem kvinnebedårarne, dei som ikkje har pengar, men som latar som. Dei er flørtande, og praten går lett. Etter dette kjem det diverse menn av lavere rang; politikare; idrettsstjerner; aleinepappaer; lærare; avdanka idrettsstjerner; litt for sunne turgåare; nerdar; datanerdar; gutar frå videregåande med falskt leg; gutar frå videregåande utan falskt leg; eldre menn med falskt leg; menn som pleidde å vere kvinner, med falskt leg; polske bryggjearbeidare   utan sengelappen; jegere med innøvde sjekkereplikker frå ei heller tvilsam nettside, og etter alle disse mennene, nokre av dei er tabbar du skulle ønskje du aldri hadde gjort, kjem toppen av lavmål: Danskebåtmannen.

 

Danskebåtmannen held seg for det meste for seg sjølv, frå måndag til torsdag. Men når Colorline setter fart mot nye landegrenser vaknar mannen i honom. Han blir fyrst observert i baren kvar han fort hiv innpå eit par øl og to posar peanøtter, han har ein uvanleg lang smalltalk med ei stadig meir oppgitt intetanande tobarnsmor som har tatt helgen fri for å kose seg med venninner. Ho vil ikkje sjå inn i dei brune auga som omhyggeleg er ramma inn av nokre sikkeleg barske augebryn, og ser seg desperat rundt etter ei av venninnene hennar som har vore så heldige å finne ein mann av type 1 eller 2.

Etter få minutt med overanstrengte latterbrøl som har tatt hardt på danskebåtmannens fysiske helse, forsvinner kvinna, og han blir sittande att ved baren aleine, og det gryande håpet har blitt til sveitteflekker på den nyinnkjøpte rosa skjorta, som nok så ein del betre ut på den noko yngre modellen i katalogen.

 

Etter nokre shots ser han på nytt ein sjanse, han luskar fram frå ingenstad under «Love Me Tender», ein ballade forlengst gått ut på dato, som kjærleg framføres  av den underbetalte rumenske keyboardisten, og danskebåtmannen kjem med ein replikk. Om denne replikken mot formodning lykkes, kan det hende denne heldige kvinna får seg ein turbulent svingom og ein oppvisning av magefleskakrobatikk ho seint vil gløyme.

Etter gjentatte forsøk ser mannen at han ikkje får noko utbytte av årskortet sitt på Colorline i dag heller, og han går stille til sengs mens alle kvinner pustar letta ut og opnar knappen på skjorta som dei iherdig lukka då danskebåtmannen byrja sikle.

 

Mens vi andre ventar på at danskebåtmannen og ”generasjonsfjortisane” omsider kan finne kvarandre under ”happyhour”, er det altså heldigvis mange andre menn å ta av. Men uansett om ein er heldig og får temma ein mann frå det øvre sjiktet av mannstigen, vil dei alle før eller sidan bli forandra til den arbeidande mannen, han som kvar kveld kjem heim til familien med pengar og løftar om betre sexliv, sjølv om begge partar veit at det aldri kjem til å skje.

 

Menn har i generasjonar vore dei sterkaste og mest velutvikla i samfunnet, jegerane som får det heile til å gå rundt. Det er i kvart fall det dei trur sjølv, men etter å gjentatte gonger ha møtt desse såkalde «herrane» i nesten dyriske tilstandar og høyrt verdas verste sjekkereplikkar, har vi kvinner forlengst skjønt kven det er som eigentleg styrar. Menn, i all sin uvitenheit, har alltid gjort sin utkårede til lags. Dei gjer alt for å hjelpe den «stakkars kvinna», som gjerne leiker hjelpelaus og uforståande for å oppnå sin vilje. I lange tider har kvinna hatt mannen i si hule hand, og mens mannen slit for mat på bordet, kan kvinna sitje på sidelinja og leve livet.

 

Men uansett kor dårlege dei saftege replikkane er, uansett kor mye mageflesk som tyter ut mellom knappehola på den åh, så sexy hawaii-skjorta, beundrar vi kvinner mennene sine fantastiske pågangsmot som skin like sterkt uavhengig av kor mange gonger han blir avvist på ein kveld. Men dykk gutar, no må dykk huske at det enkle er ofte det beste. Sjølv danskebåtmannen kan smigre med nokre hyggelege ord, ein omtenksam klem og ein litt for dyr Prada-veske.